Advertisements
Publisert i Uncategorized | Legg igjen en kommentar

foto

Publisert i Uncategorized | Legg igjen en kommentar

bilde

Publisert i Uncategorized | Legg igjen en kommentar

bilde

Publisert i Uncategorized | Legg igjen en kommentar

Twilight Guide


Twilight Breaking Dawn

Publisert i Uncategorized | Legg igjen en kommentar

Mystiske gjester av Linn T. Sunne

 

”Mystiske gjester” er fyrste boka om ungane i bygda Sommervik. Dei sentrale personane er tvillingsøstrene Eline og Linnea, og venen deira, Oskar. Handlinga er skrive som ein detektivforteljing, noko som gjer at ho vil høve like godt til gutar som til jenter. For ikkje å avsløre innhaldet vil eg bare nemne nokre stikkord om handlinga: tjuveri, politi, mindreårige, asylsøkarar, allergi.

Boka har eit lett språk, stor skrift, gode illustrasjonar og ein spennande handling. Eg meiner at ho vil høve godt både  til høgtlesing i klasserommet og til lesing for seg sjølv. Eg vil spesielt anbefale ho for lesesvake elevar, eller til elevar som slit med motivasjon for lesing. Antyda målgruppe er ungar i alderen 7-11 år. Boka er skrive på bokmål av Linn T. Sunne, medan illustrasjonane er laga av Ida Larmo.

Ei barnebok, 99 sider, utgjett av Gyldendal Norsk Forlag AS- 2009.

Publisert i Bokomtaler | 1 kommentar

Vegen heim frå Sarajevo av Rønnaug Kleiva

Omtale fra forlaget ( Det norske Samlaget ):

Kompromisslaust om modig og eigenrådig ung jente . Susi sit aleine på eit hotellrom i den framande byen Sarajevo. Ho har nett byrja på andre året på vidaregåande skole i Noreg, men etter ei forferdeleg oppleving, tek Susi første fly vekk frå heimplassen. I Sarajevo prøvar ho å finne fotfeste etter det som skjedde. Vegen heim frå Sarajevo er ein fri oppfølgjar til Andre sida av Paris (2007). Nok ein gong har Rønnaug Kleiva skrive ei kompromisslaus forteljing om ei modig og eigenrådig ung jente.

Mi vurdering:

Eg synast samlaget si omtale var i høve god så eg vil berre føye til nokre få ord. Boka er ei typisk jentebok og høver godt til «eldre» ungdomar. Kanskje frå 10.trinn og oppover. Det er vel ikkje så mange elevar på ungdomskulen som drikk kaffi og berre kan reise av stad til eit framand land utan vidare. Susi er ganske så eigenrådig og forlaget beskriv ho som modig. Eg veit ikkje om modig er ordet eg ville bruka om ei som Susi. Eg ville nok heller ha kalla ho dumdristig.

Susi fortel sjølv historia om kva som hende den kvelden. Boka er skrive nærmast som ei dagbok kor Susi rettar seg mot lesaren og gjer nokre forklaringar undervegs. Mykje av boka dreier seg om forholdet mellom mora og dottera.

Ei ungdomsbok, 98 sider, utgjett av Det Norske Samlaget – 2009

Publisert i Bøker, Bokomtaler | Legg igjen en kommentar